trollnisse

HAN DYRKAR MÅLFØRE

Han dyrkar målføre
og smørmjukt skiføre.
Han bur på Sunnmøre,
et mykje eggrøre
so han vert uføre
og ligg i seng.

Han dyrkar bygdi si
og sjølvsagt trygdi si.
Han jagar mygg i strid
medan han tygg i flid
Spearmint med tyggi si
so hardt han treng.

Han hev ei kjerring au
so hjartans blid og raud.
Ho sit midt i ein haug
av bytte, spann og trau
og jagar ku og sau
som et upp bæri.

Men her er inkje råd
å driva gardbruk då
dei både to no må
på jobb i NRK
so me feng høyra på
litt nytt frå verdi!

Oslo 1989

 

 

Graut

Teletrollet

 

rautefjell

 

onkel

 

uncletaz